4-dagars i sørvest

11.02.2016 Torgeir Strand

Portugal 4-dagars 6.-9.februar markerte den utanlandske opninga av O-året 2016 for fleire av oss.

Om lag 20 av dei mellom 1.500 og 2.000 deltakarane i årets Portugal 4-dagars var frå HOK. Viking (på biletet øvst i artikkelen visualisert med Jakob Nygaard (foto: Joaquim Margarido)) hadde den største lokale troppen frå HOK, men også løparar frå Fana, Varegg, Gular og BT var av garde.

Den som markerte seg sterkast av "våre", var Kristin Löfgren frå Varegg, med 5.plass samanlagt i damene si eliteklasse.

Mellom herrene var elitepåmeldinga så stor at det var 2 eliteklasser. Per H. Johansen (Varegg) blei nr.32 i "Superelite", og samstundes beste løpar frå norsk klubb. I "Elite2" blei Rune Nygaard (Gular) nr.16 og Oskar Røen (Varegg) nr.17.

Utanom Kristin fekk desse 3 frå HOK topp-6-plasseringar samanlagt etter 4 dagar:
- Ingjerd Sognnæs (BT) nr.3 i D65-
- Axel Ingvaldsen (Viking) nr.4 i H80-
- Tor Sørevik (VIking) nr.6 i H65-

Alle resultata finn du her